Regulering

Reguleringsplan

Tomtene er plassert langs ein felles hovudveg med sidevegar oppover frå riksvegen.Tomtestørrelsen ligg på ca. 1 da., og det er godt med plass mellom hyttene. Alle hyttene blir tilknytt felles vatn, straum og avløp for gråvatn.

Fjellformasjonane i lia ovanfor hyttegrenda gir sikker avskjerming for ras, og ingen lokalkjende veit om at det har gått ras i området. Fylkesgeologen krevde likevel at det vart bygd ein rasvoll som nordre avgrensing av feltet. Det aller meste av denne er berre 1,5 meter høg, og er godt skjerma i terrenget.

Reguleringsføresegner

1. GENERELT
1.1

Desse føresegnene gjeld for området innanfor reguleringsgrensa på plankartet datert 03.03.03. Utforminga av området skal skje i samsvar med plankartet og føresegnene.

1.2

Der sørlege grunnar talar for det, kan det faste utvalet for plansaker innanfor ramma av plan- og bygningslova tillate mindre vesentlege unnatak frå reguleringsplanen.

1.3

Området er regulert til følgjande formål:

Byggeområde: Område for fritidsbygninger
Landbruksområde: Område for jord- og skogbruk
Fareområde: Høgspenninganlegg
Snøskredfare
Spesialområde: Privat veg
Friluftsområde
Infiltrasjonsanlegg

1.4

Det skal både i utbyggingsfasen og seinare leggast vekt på å ta vare på den naturlege vegetasjonen i området. Eksisterande vegetasjon skal ikkje fjernast utover det som er naudsynt for å få ført opp bygningane og opparbeidd vegar. Trasear for vatn, avlaup og kablar som ikkje kan leggast langs vegar, skal reetablerast med stadeigen vegetasjon. Planutvalet kan pålegge reparasjon av uheldige tiltak og inngrep. Det er ikkje kjent automatisk freda kulturminne i planområdet. Dersom det i samband med tiltak i marka vert funne slike kulturminne som ikkje er kjent, skal arbeidet stansast straks i den grad det vedkjem kulturminne eller deira sikringssone på 5 meter, jrf. lov om kulturminner $8. Melding skal snarast sendast til kulturavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune slik at dei kan avklare om tiltaket kan gjennomførast og evt. vilkår for denne.

2. BYGGEOMRÅDE

Område for fritidsbygningar (H1 - H6)

2.1 Byggegrenser

Byggegrenser er vist på plankartet.

2.2 Storleik, utnytting og plassering.

Tillaten bruksareal (TBRA) pr. tomt for fritidsbustad er 135 m2. I tillegg kan det byggjast frittliggjande anneks eller uthus med samla TBRA 30 m2. Dersom det vert oppført 2 eller fleire bygningar, skal dei plasserast i tunform. Situasjonsplan skal leggast ved søknad om byggeløyve og skal vise plassering av hytte, teikning av fasadar, planløysing og snitt.

2.3 Utforming og høgder. Krav til søknaden.

Bygningar og bygningsgrupper skal ha ei god og harmonisk utforming både einskildvis, innbyrdes og i høve til natur og omgivnader. Bygningane skal ha mønetak. Takvinkel skal vere mellom 27 og 38 grader. Taksidene kan vere ulike. Hovudmøneretninga skal vere tilnærma lik hovudretninga i landskap og terreng. Taktekkinga skal vere ikkje-reflekterande, mørkt materiale, i hovudsak torv eller stein.

Maks tillaten gesimshøgd for fritidsbustad er 3,0 meter og for uthus 2,5 meter rekna frå gjennomsnittleg ferdig planert terreng rundt bygningen.

Gjennomsnittleg ferdig planert terreng rundt bygningen kan ikkje fråvike meir enn 0,5 meter frå opphaveleg terreng. Grunnmur kan ikkje ha større høgde enn 1,0 meter.

Søknaden skal innehalde dokumentasjon på korleis føresegnene under 2.3 vert oppfylte.

2.4 Vatn/avlaup
Ved innlegging av vatn skal det søkjast om utsleppsløyve. Dette kan gjerast for heile feltet under eitt. Utslepp skal fortrinnsvis løysast med felles infiltrasjonsanlegg for alt vatn, der vatnet skal passere slamavskiljar før utslepp. Alternativt kan alt svartvatn gå til tett tank og gråvatn til infiltrasjonsanlegg. Gråvatn skal passere slamavskiljar.

2.5 Inngjerding m.m

Dersom inngjerding av hyttene er naudsynt på grunn av beitande dyr, skal berre verandadel og inngangsparti inngjerdast. Inngjerdinga må ikkje utførast slik at fri ferdsel vert hindra, og gjerdet skal ikkje vere over 90 cm høgt.

3. LANDBRUKSOMRÅDE
3.1 Jord- og skogbruk

Område JS1 - JS3 er innregulert til jord- og skogbruksområde.

4. FAREOMRÅDE
4.1 Høgspenningsanlegg

Planen viser fareområde ved høgspentledning. Innanfor dette området er det ikkje tillatt å føre opp bygningar.

4.2 Snøskredfare

Plankartet viser område der det er fare for snøskred, samt påteikning av rasvoll som skal lede raset bort. Rasvollen skal opparbeidast før oppføring av bygningar og utformast i samsvar med fylkesgeologen si beskriving. Det er ikkje tillat å oppføre bygningar innanfor fareområde

5. SPESIALOMRÅDE
5.1 Privat veg

Veg 1 er regulert som privat veg, og skal nyttast som tilkomstveg for hyttene, samt som traktorveg for tilkomst til teigar ovanfor. Avkøyrsla frå riksvegen er opparbeidd og skal haldast ved like i samsvar med vegnormalen og forskrifter til veglova. Vegane 2-9 er mindre tilkomstvegar til hyttene.

5.2 Friluftsområde
Områda F1 - F3 er regulert som friluftsområde.
5.3 Infiltrasjonsanlegg

Dersom grunnen og tilhøva elles ligg til rette for det skal området A1 nyttast til infiltrasjonsanlegg.