Sommaridyll

Kva har Eidsdal å tilby om sommaren?

Eidsvatnet sett frå Eide. Hyttegrenda ligg til venstre i bildet.

Hyttegrenda er eit ideelt utgangspunkt for bilturar mot Fjordane og indre Sogn, Ottadalen, Bjorli - Lesja - Dombås, Rauma/indre Romsdal, Molde med Romsdals- og Nordmørskysten, og sjølvsagt mot heile Sunnmøre. Til sommarskisenteret på Strynefjellet er det kun ein dryg times køyring!

I tillegg kan ein sjølvsagt også ta kortare turar i nærmiljøet, til for eksempel Norddal/Herdalssetra, Tafjord, Valldal/Trollstigen. Og sist, men ikkje minst; eit kvarter med bil frå hyttegrenda kan du ta del i det yrande folkelivet i Geiranger om sommaren, med moglegheit for å avslutte dagen på pub eller restaurant.

Bilde frå ei av dei oppførte hyttene i hyttegrenda I området finn ein også meir eller mindre krevjande turar til eit vidt spekter av fjellturar. Eit eksempel er Skorene (1826 m.o.h) rett over hyttegrenda, eller Eidsheia (1111 m.o.h) på andre sida av Eidsvatnet. Frå 2007 blei fjellområda rundt bygda innlemma i eit nytt landskapsvernområde, og blei same år satt på lista over verdsarvsområde av UNESCO.

Eidsvatnet, som ligg rett ved hyttegrenda, er eit svært attraktivt ørretvatn. Sportsfiskarar frå fjern og nær kjem for å fiske i vatnet om sommaren, og mange kjem att år etter år. Gjennomsnittsstørrelsen på fisken er rundt 2-300 gram, men det har også blitt tatt fisk på 3-4 kilo i vatnet. I fjellvatna på Eidsheia (1 1/2-2 timars gange) er det vanleg å få fisk opp mot kiloet.

Fleire sommarbilder:

Eidsdalen fotografert frå oppstiginga til Eidsheia Eidsvatnet sett frå Skusethsetra Skorene sett fr� Eidsheia Eidsvatnet sett frå Indreeide. Hyttegrenda ligg i høgre bildekant. Geiranger - kun 15 minutts køyring frå hyttegrenda. Eidshornet sett frå hyttegrenda

Vinteridyll

Utsikt over Eidsvatnet ein vinterdag. Hyttegrenda ligg i venstre bildekant.


Slik kan området rundt Eidsvatnet framstå ein vinterdag. (- Hyttegrenda ligg oppover i venstre bildekant). Det skal likevel ikkje underslåast at veret kan vere stikk motsett - her som elles på Nordvestlandet. Men også det kan ha sine eksotiske sider!

Eidsdal har ingen alpinanlegg. Men tilhøyrer du dei mange som etter kvart har funne ut at eit alpinmiljø åleine er for snevert utgangspunkt for plassering av ei familiehytte, er kanskje dette staden?

Fjellet Skorene ein vinterdag

På vatnet kan du ofte finne fin skøyteis om vinteren. Eller har du kanskje lyst til å prøve deg på isfiske? På Løvoll (ca. 2 km) ligg eit av dei flottaste lyslypeanlegga på Nordvestlandet (5 km), og der er det også skileikanlegg. På Kilstisetra, på Eidsheia, i Gråsteindalen og på Lilleås (i Norddal - ca. 1/2 time med bil) er det rike mulegheiter for kortare eller lengre turar. På Lilleås er det også skitrekk.



Fleire vinterbilder:

Eidsvatnet sett frå Eide. Bildet er teke i desember, her er det sol heile året!