Velkommen til Eidsvatnet Hyttegrend

Informasjon om hyttegrenda

Eidsvatnet sett frå Indreeide

Hyttegrenda ligg på austsida av det idylliske Eidsvatnet i Eidsdal - under det mektige fjellmassivet Skorene med toppar på over 1800 m.

Feltet ligg i slakt skogsterreng oppover frå riksvegen (der den tidlegare Svora Camping låg). Det dekkjer eit område på knapt 100 da. og har plass til 45 hytter.

Ned mot riksvegen og mot sør er feltet avgrensa av 8-10 eksisterande private hytter.

Siste nytt:

Verstasjon

Vi har sett opp ein verstasjon som gjer at du til ei kvar tid kan sjå korleis veret er ved Eidsvatnet. Klikk på lenk "Veret" øvst sida. Der kan du sjå både veret no, og eit vervarsel for dei komande seks dagane

Webkamera

Vi har sett opp eit webkamera som gjer at du til ei kvar tid kan sjå korleis det ser ut ved Eidsvatnet. For å kome til kameraet klikk på lenka "Webkamera" i menyen.

Infrastruktur

Infrastrukturen i hyttegrenda er no ferdig utbygd. Godt vatn frå eiga drikkevasskjelde er ført fram til stoppekran på alle tomtene. Like eins er elrør og avløpsrør på plass, og det nye rensingsanlegget vårt for avløpsvatn er teke i bruk. Vegane i feltet er ferdig opparbeidde. Alle vil til eikvar tid kunne få brøyta veg heilt fram til hyttedøra.

Interessert?

Vi har framleis eit stort utval av flotte tomter igjen - dei fleste på mellom 1000 og 1500 m2 og med nydeleg utsikt over Eidsvatnet og fjellheimen rundt. Er du av dei mange som i løpet av året passerer Eidsvatnet på veg til eller frå Geiranger, bør du absolutt unne deg ein avstikkar opp i hyttegrenda og sjå kor flott tomtene ligg. Eller du kan avtale tid med ein av oss for omvisning.